Velkommen til Meanderkvartalet

Meanderkvartalet er det første byggetrinnet på Skudeløken. Namnet kjem frå Løken, som for lenge sidan var ein av Jølstra sine meandersvingar.

På Skudeløken har vi henta elva og naturen inn på tunet. Vi har laga plass til tre med store røter. Regnvatnet blir leia bort på overflata, med renner og vassbed. Vi har også fått på plass det urbane, med brusteinstorg framfor eit serveringslokale som vil bli eit sosialt møtepunkt.

Gode møtepunkt og fellesareal er viktig. Like viktig er det å ha plass for seg sjølv. Vi har derfor jobba hardt for å skape gode private uterom til alle leilegheitene, og for at sola og lyset skal sleppe mest mogleg til.

På indre Øyrane skal det vekse fram ein ny bydel dei neste åra. Skudeløken blir ein stor del av dette og vi vil ta ansvar for å skape ein bydel som er god å leve i. Arkitektur, standard og utemiljø skal derfor ha god kvalitet.

Vi er med på å ta vår del av rekninga for å bygge ein folkepark med leikeplass midt på indre Øyrane, og vi bygger eigne leikeplassar i kvart av dei tre kvartala våre. Vi er også med på å bygge turveg langs Løken, og på å betale for tiltak som skal betre naturmiljøet.

Vi trur byar fungerer best om det finst ei god blanding av menneske som blir buande over tid. Derfor har vi lagt vekt på gode planløysingar, og leilegheiter som kan passe for alle liv og alle livsfasar.

På Skudeløken skal du kunne bu heile livet, enten du bur åleine, har små barn, eller vil nyte livet utan ansvar for ein stor einebustad.

Velkommen!

Sist endra: 6. mai 2021 - 9:58

Tilbake til framsida.

leilegheit

Velkommen til Meanderkvartalet

Les meir
leilegheit

Skudeløken: Nokre gode grunnar

Les meir
leilegheit

Ta ein tur i nærområdet

Les meir
leilegheit

Finn din stil blant våre tre konsept

Les meir
leilegheit

Design ditt eige draumekjøkken

Les meir
leilegheit

Flott, ny park som næraste nabo

Les meir
leilegheit

Romsleg parkering med plass til alle

Les meir
leilegheit

Storfamilien på besøk? Vi har hotell!

Les meir
leilegheit

Ekstra plass til hobbyen din

Les meir
leilegheit

Mange heisar = lite trakk i gangane

Les meir