Planen for Skudeløken er vedtatt!

Saka har no vore til behandling i kommunestyret og planen for Skudeløken er vedtatt.

– Det er godt å få ei slik sak til behandling, sa varaordførar Jenny Følling (Sp) då formannskapet i Sunnfjord kommune skulle ta stilling til planen for Skudeløken.

– Her er det tilrettelagt for varierte bustader. Det er viktig for busetting, barnetal og rekruttering for bedriftene våre, sa Følling.

Varaordføraren var også veldig glad for måten planen tar jordvern på alvor. Skudeløken AS har avtale med Mo og Øyrane vidaregåande om mottak av matjord.

– Denne planen tar vare på matjorda slik at ho blir brukt til landbruksføremål og utdanning. Dette er eit eksempel til etterfølging, sa Følling.

Les meir her og skriv deg på liste i dag!

Ein god plass å bu

Politikarane konkurrerte nesten om å skryte av Skudeløken sin reguleringsplan. Håkon Myrvang (Ap) sette pris på at prosjektet har endra karakter over tid.

Myrvang viste til at det for mange år sidan var planar om eit prosjekt med småhus med båt i hagen på indre Øyrane. Slik er det ikkje i dag. I staden er det lagt opp til at mange fleire skal få nyte godt av den solrike og sentralt plasserte tomta.

Skudeløken AS legg vekt på å balansere omsynet til høg utnytting av arealet, samtidig som vi tar vare på dei gode kvalitetane i området. Dette er fortetting på ein måte som tar omsyn og slepper lyset fram.

Eit område i utvikling

Også ordførar Olve Grotle (H) tok ordet:

– Dette er ein god dag. Og eg veit at dette prosjektet har det blitt jobba lenge med. Her får vi varierte bustader i ein bydel der det skal skje veldig mykje spennande, sa han.

Mellom prosjekta som kjem på indre Øyrane dei neste åra er nye Førde vidaregåande skule. Skulen vil bli eit kjempeløft for heile Førde, med flotte uteareal og park som alle får nytte av. Skudeløken AS er med på spleiselaget for å få bygd ein sentralt plassert leikeplass i denne parken.

Ordføraren hadde også bite seg merke i at vi reklamerer med at dei som bur på Skudeløken har tid til å nyte sola, fordi dei ikkje treng å skrape is.

Grotle kommenterte at det var ein artig, men kanskje litt vel frisk påstand i 15 kuldegrader.

Vel, vi kan garantere at du ikkje må skrape is i parkeringskjellaren på Skudeløken. Og er det sol i Førde sentrum, så er Skudeløken ein av stadane ho besøker lengst.

Les meir her og skriv deg på liste i dag!

Sist endra: 28. april 2021 - 15:49

Tilbake til framsida.

leilegheit

Marcus fann vegen inn på bustadmarknaden

Les meir
leilegheit

Anne Marit og Lars bygde draumeheimen etter brann – no forlet dei han for Skudeløken

Les meir
leilegheit

Velkommen til Meanderkvartalet

Les meir
leilegheit

Skudeløken: Nokre gode grunnar

Les meir
leilegheit

Ta ein tur i nærområdet

Les meir
leilegheit

Finn din stil blant våre tre konsept

Les meir
leilegheit

Design ditt eige draumekjøkken

Les meir
leilegheit

Flott, ny park som næraste nabo

Les meir
leilegheit

Romsleg parkering med plass til alle

Les meir
leilegheit

Storfamilien på besøk? Vi har hotell!

Les meir
leilegheit

Ekstra plass til hobbyen din

Les meir
leilegheit

Mange heisar = lite trakk i gangane

Les meir
leilegheit

Vi gjer oss klare til førehandssal!

Les meir
leilegheit

Planen for Skudeløken er vedtatt!

Les meir