Bilane blir større. Då må parkeringsplassane bli det også.
I parkeringskjellaren på Skudeløken skal du ikkje måtte vere slange-menneske for å komme deg inn og ut av bilen. Vi legg derfor opp til at dei fleste parkeringsplassane skal vere 250 cm breie.
Nokon vil kanskje ha fleire parkeringsplassar, medan andre vil klare seg heilt utan med adresse midt i Førde sentrum. Parkeringsplassar på Skudeløken er derfor eit tilvalg som kvar enkelt tar stilling til. Uansett skal det vere nok parkeringsplassar til alle.
Prisen for ein parkeringsplass er 390.000 kroner. Felleskostnad for parkering er 150 kroner i månaden.
Parkeringsplassane på Skudeløken blir sjølvsagt levert klare for montering og oppkopling av ladeboks.
Kjellaren får også trådlaust internett som bilane kan logge seg på. Det gjer at du enkelt kan styre lading av bilen frå kvar som helst, eller sette på varme i kupeen før du tar heisen ned frå leilegheita di.
Er du usikker på om du får behov for parkeringsplass? Då kan vi tilby deg å leige ein plass til bilen din.
Dersom du seinare vil kjøpe plassen, får du kjøpe den for det same som han kosta då du kjøpte leilegheit. Denne retten gjeld i fem år. Om du ikkje vil kjøpe parkeringsplassen innan fem år kan du leige leige plassen vidare.
Prisen for å leige er 1700 kroner månaden pluss felleskostnad.
Kjellaren er bygd slik at han ligg rett under bustadblokkene. Målet er at det skal vere kort veg frå bilen til trappa og heisen som tar deg rett opp til leilegheita di.
I kjellaren er det også plassert boder som høyrer til leilegheitene. Desse er så langt som mogleg plassert i nærleik til din trappeoppgang/heis.
Bildet er ein illustrasjon og viser ikkje parkeringskjellaren akkurat slik han blir.
Sist endra: 21. januar 2025 - 10:04
Marcus fann vegen inn på bustadmarknaden
Les meirAnne Marit og Lars bygde draumeheimen etter brann – no forlet dei han for Skudeløken
Les meirVelkommen til Meanderkvartalet
Les meirSkudeløken: Nokre gode grunnar
Les meirTa ein tur i nærområdet
Les meirFinn din stil blant våre tre konsept
Les meirDesign ditt eige draumekjøkken
Les meirFlott, ny park som næraste nabo
Les meirRomsleg parkering med plass til alle
Les meirStorfamilien på besøk? Vi har hotell!
Les meirEkstra plass til hobbyen din
Les meirMange heisar = lite trakk i gangane
Les meirVi gjer oss klare til førehandssal!
Les meirPlanen for Skudeløken er vedtatt!
Les meir