Personvern

Personvernerklæring for Skudeløken AS

Adresse: c/o Bjarte Roska, Klovene 9, 6809 FØRDE
Organisasjonsnummer: 925715565

Informasjonskapslar

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på PC-en, telefonen eller nettbrettet ditt når er inne på nettsida vår. Tekstfilene inneheld ikkje virus eller skadeleg programvare.

Skudeloken.no brukar informasjonskapslar for analyse og marknadsføring. Vi samlar informasjon om korleis nettstaden blir brukt på eit statistisk nivå, men lagrar ikkje informasjon om kvar enkelt brukar. Til dømes vil statistikken kunne seie kor mange som har vore innom sida, kva land dei kjem frå, kor gamle dei er, og liknande.

Slik informasjon kan vi bruke til å gjere sida vår betre, men også for å målrette marknadsføringa vår. Vi kan ikkje spore desse opplysningane tilbake til deg.

Skudeloken.no brukar desse informasjonskapslane:

  • Vi brukar Google Analytics for å lage statistikk som viser korleis besøkande bruker nettstaden. Du kan lese meir om korleis Google Analytics samlar data her. Der står det også korleis du til dømes kan installere eit nettlesartillegg for å stanse Google Analytics si innsamling av data.
  • Vi brukar også informasjonskapslar for å halde styr på kven som har akseptert informasjonskapslar og for å overhalde regelverket GDPR. Til dette brukar vi tenesta til Complianz. Les meir om Complianz her.

Samarbeidspartnarar

Skudeløken AS samarbeider med Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS. Dersom du skriv deg på interessentlista er det Eigedomsmekling Sogn og Fjordane som får denne informasjonen.

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane si personvernerklæring finn du ved å trykke her.

Kundar som har aktivert «Mi side»

Dei som kjøper leilegheiter på Skudeløken får tilbod om å få oppretta ei «Mi side» på www.skudeloken.no der dei kan sjå status og få tilgang til gjeldande avtalar om kjøpet. Her brukar nettsida informasjonskapslar for å halde styr på kven som er logga inn.

For å få tilgang på informasjonen om di leilegheit på www.skudeloken.no må du også ved oppretting av «Mi side» godkjenne at vi lagrar opplysningar om kjøpet ditt på www.skudeloken.no. Desse er berre synlege for deg og administrator.

Kommunikasjon og lagring

Tilsette i Skudeløken AS kommuniserer med kundar og samarbeidspartnarar på telefon, e-post, sosiale medium og gjennom fildelingstenesta til Google: Google Disk.

Hugs på at informasjon som blir sendt på e-post ikkje er kryptert. Send derfor ikkje sensitive eller teiepliktige opplysningar.

Kommunikasjon via sosiale medium skjer på plattformar utanfor Skudeløken AS sin kontroll. Send derfor heller ikkje sensitive eller teiepliktige opplysningar gjennom til dømes Facebook eller Instagram.

Skudeløken AS nyttar Google Disk til lagring og deling av avtalar og andre dokument knytt til kvar enkelt leilegheit. Desse mappene er det berre den aktuelle kjøpar (gjennom «Mi side»), tilsette i Skudeløken AS, og entreprenør som har tilgang til.

Deling av informasjon

Utanom den informasjonen som Google Analytics samlar inn på denne sida, samt den informasjonen de sjølv sender til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, deler ikkje Skudeløken AS i utgangspunktet ikkje informasjon med andre.

Skudeløken AS kan likevel dele informasjon med samarbeidspartnarar i den grad det er nødvendig for å yte tenester til deg. Dette kan til dømes vere i dialog med meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, eller i dialog med underleverandørar i samband med kjøp, tilpassing og bygging av leilegheiter.

Rett til informasjon og sletting

nettvett.no kan du lese meir om korleis du deaktiverer informasjonskapslar.

Har du spørsmål om korleis vi handterer personopplysningane dine, eller ønsker at vi skal slette opplysningar, kan du sende ein e-post til post@skudeloken.no.

Tilbake til framsida.