Skudeløken: Nokre gode grunnar

Mykje for pengane

Fellesutgifter dekker felles straum, byggforsikring, fiber og TV, renovasjon, drift og vedlikehald, snørydding, grasklipping, reinhald av fellesareal, vaktmeistertenester, administrasjon, og eit A-kontobeløp for varmtvatn/oppvarming.

Låg dokumentavgift

Leilegheitene har ingen bodrundar og låg dokumLeilegheitene blir selde utan bodrundar. Nybygg har låg dokumentavgift fordi det berre er dokumentavgift på tomta.

Kort veg til alt

Skudeløken ligg sentralt plassert i utkanten av Førde sentrum. Det er kort veg til skule, barnehage, daglegvare, apotek, handelssenter, legesenter, omsorgssenter, kaféar og restaurantar. Mange får også kort veg til jobb. Førde sitt nye gang- og sykkelvegnett går heilt fram til døra. Vi har sjølvsagt også sykkelparkering.

Flotte uteområde

Vi bygger fine tun med leikeplassar i kvart byggetrinn. Langs Løken blir det laga turveg, og midt på Øyrane kjem ein heilt ny folkepark.

Gode solforhold

Skudeløken ligg på solsida av Førde sentrum. Sola kjem tidleg tilbake om vinteren. Skudeløken er også ein av stadane sola besøker lengst når ho først tar turen til Førde.

God plass til besøk

På Skudeløken treng du berre kjøpe leilegheit med dei romma du treng. Dersom du får du besøk, har vi leilegheitshotell i A-bygget. Her kan ein leige rom ved behov. Då betaler du ikkje for rom du ikkje brukar.

Nyt kaffien på torget

I enden av Meanderkvartalet blir det eit flott torg. Ved dette torget er det sett av næringsareal for mellom anna serveringsstad/kafé.

Sjå fram i tid

Vi har regulert alle tre byggetrinna samtidig. Du veit derfor korleis nabolaget ser ut når alt er ferdig utbygd. Bygg i framtidige byggetrinn kan bli endra frå dagens illustrasjonar, men reguleringsplanen set rammer for høgder, plassering og opparbeiding av utomhusareal.

Skjerma mot byggeaktivitet

I hovudsak vender stover bort frå framtidige byggetrinn, slik at du kan nyte fin utsikt medan resten av Skudeløken reiser seg.

Utomhusareal vil bli opparbeidd fortløpande. Det vil seie at dei som flyttar inn i A og B vil få ferdige uteareal med torg, leikeplass og opphaldssone. Mot byggegrunnen til bygg C, D og E vil det bli skjerma med gjerde, og t.d. duk og busker.

Wifi overalt

På Skudeløken blir det wifi-dekning i alle fellesareal, både inne og ute. Sjølvsagt også i parkeringskjellaren!

Du treng ikkje vere slangemenneske

Bilane har blitt breiare. Då må parkeringsplassane bli det også. Dei fleste av våre p-plassar blir 250 cm! P-kjellaren har nok plassar til alle som vil ha, og det er sjølvsagt gjort klart for oppkobling av elbil-ladar.

Du kan leige p-plass

Usikker på om du får behov for eigen parkeringsplass? Hos oss kan du leige plassen i fem år før du bestemmer deg for om du vil kjøpe han ut til same pris som då du kjøpte leilegheit.

Behageleg varme

Alle leilegheitene får vassboren varme frå BKK i stove/kjøkken, gang og våtrom. Varmtvatnet kjem frå same stad, så det blir ingen stor vassvarmar som tar plass. Eit A-kontobeløp er inkludert i felleskostnadane!

Mange heisar gir privatliv

På Skudeløken blir det ingen lange «hotellgangar». Det er få leilegheiter per heis/trapp. Det gjer inngangspartiet meir privat og det blir mindre trakk i gangane.

Bu smart!

På Skudeløken er leilegheitene tilrettelagde for oppgradering til smarthus. Men å bu smart kan bety mykje forskjellig. Vi synest også det er smart å bu innan gåavstand til daglege gjeremål – og å ha gode fellesfunksjonar som alle kan dra nytte av.

Sist endra: 10. november 2021 - 10:47

Tilbake til framsida.

leilegheit

Marcus fann vegen inn på bustadmarknaden

Les meir
leilegheit

Anne Marit og Lars bygde draumeheimen etter brann – no forlet dei han for Skudeløken

Les meir
leilegheit

Velkommen til Meanderkvartalet

Les meir
leilegheit

Skudeløken: Nokre gode grunnar

Les meir
leilegheit

Ta ein tur i nærområdet

Les meir
leilegheit

Finn din stil blant våre tre konsept

Les meir
leilegheit

Design ditt eige draumekjøkken

Les meir
leilegheit

Flott, ny park som næraste nabo

Les meir
leilegheit

Romsleg parkering med plass til alle

Les meir
leilegheit

Storfamilien på besøk? Vi har hotell!

Les meir
leilegheit

Ekstra plass til hobbyen din

Les meir
leilegheit

Mange heisar = lite trakk i gangane

Les meir
leilegheit

Vi gjer oss klare til førehandssal!

Les meir
leilegheit

Planen for Skudeløken er vedtatt!

Les meir