Marcus fann vegen inn på bustadmarknaden

Marcus Johanssen Hornnes er 19 år og andre års lærling som ambulansearbeidar. På fritida likar han å trene og drive med politikk. Elles seier han at han tar livet som det kjem, men han har også vore flink til å spare. Det har resultert i at 19-åringen no går og ventar på si første leilegheit.

– Eg trur dette blir ei veldig bra første leilegheit. Og det å komme inn på markanden som 19-åring er ganske bra, synest eg.

Marcus vurderte fleire byggeprosjekt i Førde, men landa på Skudeløken.

– Eg vart gira med ein gong eg såg korleis leilegheita ville bli. Plassering, planløysing, størrelse og pris. Det gjekk sikkert berre tjue minutt frå eg såg annonsen til eg ringde rådgjevaren min i banken, seier Marcus.

Er du førstegongskjøpar og treng hjelp til å komme inn på bustadmarknaden? Ta kontakt med ein rådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Rune Vosseteig
Telefon 907 56 290

Han er spesielt nøgd med at han får eit stort godt soverom og skikkeleg bad, i tillegg til kombinert kjøkken og stove.

– Og så var det ein passeleg stor veranda. Det er ei veldig god løysing! seier Marcus.

Likar plasseringa

I tillegg til at Marcus likte planløysinga, ser han fram til at det skal skje meir i området. Han ser på utviklinga av indre Øyrane som ein god grunn til å kjøpe leilegheit akkurat her.

– Det er mykje spennande som skjer. Den nye skulen, parken og leilegheitene kjem til å danne eit flott område som eg trur vil auke verdien på leilegheita, seier Marcus.

Han peikar også på at matbutikken ligg rett over gata, og elles har han alt han treng innan rekkevidde.

– Det er gåavstand til alt. Med ei slik plassering treng eg ikkje å ha bil for å komme meg rundt, seier Marcus.

Tenker økonomi

19-åringen har brukt dei siste åra til å spare eigenkapital. Med denne klarer han å komme seg inn på bustadmarkanden utan hjelp – i ei heilt ny leilegheit.

– Eg tenker at dess tidlegare eg startar, dess tidlegare er det nedbetalt. Og så blir det jo greitt å flytte ut av gutterommet, seier Marcus og ler.

No ser han fram til å styre seg sjølv og komme inn i rutinen som huseigar, med matlaging og alt som høyrer med.

– Er ein 19-åring klar til å slå seg til ro i Førde med huslån og alt?

– Det kan hende eg skal studere og då må eg flytte bort ein periode, men eg ser ikkje mørkt på det. Med den vidaregåande skulen og fleire kontorarbeidsplassar like i nærleiken, trur eg det blir lett å leige ut til lærarar, elevar, eller andre som ønsker å bu i området, seier Marcus, som ikkje har angra eit sekund:

– Eg tenker at prisen for 48 kvadratmeter er god. I alle fall med tanke på verdiane rundt leilegheita og mogleg prisauke. Eg ser det som ei veldig fin moglegheit for ein førstegongskjøpar til å gli rett inn i bustadmarknaden, seier han.

Fleire små leilegheiter for sal

Leilegheiter i denne storleiken har vore så populært at Skudeløken er utselt i bygg A og B. Det er derfor bestemt å legge ut 15 nye leilegeiter i 3. og 4. etasje i den sørlege delen av A-bygget.

Desse kjem i fleire ulike størrelsar mellom 21 og 73 kvadratmeter. Dei minste er studioleilegheiter, medan dei største har separat soverom.

Sjå dei nye leilegheitene!

Er du interessert? Ta kontakt med meklaren vår, Camilla Kaland Olset på 970 13 478.

– Skudeløken har ei informativ og god nettside, men det er mykje å velje i. Eg håpar derfor at du tar kontakt med meg. Eg er her for vere ein god rådgivar og svarar gjerne på spørsmål om kva leilegheiter som passar deg med tanke på rom, pris, soltilhøve og liknande.

Ta kontakt!

Camilla Kaland Olset
Telefon 970 13 478

Sist endra: 28. februar 2022 - 14:35

Tilbake til framsida.

leilegheit

Anne Marit og Lars bygde draumeheimen etter brann – no forlet dei han for Skudeløken

Les meir
leilegheit

Marcus fann vegen inn på bustadmarknaden

Les meir
leilegheit

Velkommen til Meanderkvartalet

Les meir
leilegheit

Skudeløken: Nokre gode grunnar

Les meir
leilegheit

Ta ein tur i nærområdet

Les meir
leilegheit

Finn din stil blant våre tre konsept

Les meir
leilegheit

Design ditt eige draumekjøkken

Les meir
leilegheit

Flott, ny park som næraste nabo

Les meir
leilegheit

Romsleg parkering med plass til alle

Les meir
leilegheit

Storfamilien på besøk? Vi har hotell!

Les meir
leilegheit

Ekstra plass til hobbyen din

Les meir
leilegheit

Mange heisar = lite trakk i gangane

Les meir
leilegheit

Vi gjer oss klare til førehandssal!

Les meir
leilegheit

Planen for Skudeløken er vedtatt!

Les meir