Lyst på heilt nye næringslokale med kundane i bakgården?

Ferskt brød på hjørnet?

Kafélokalet på Skudeløken ligg på hjørnet av Meanderkvartalet. Her får Førde eitt av sine finaste torg. Dette kan bli ein samlingsplass for innbyggarane på Skudeløken, ein stad for skuleelevar på nye Førde vidaregåande å handle lunsj, og ein stad gjestene på leilegheitshotellet vil gå forbi på veg til dagens møte. Kva er betre enn å kunne servere fersk kaffi og dagens brød? Vi vil ha deg som bakar verdas beste bollar!

Sett moten på Skudeløken!

Dei fleste går jamleg til frisøren. Det vil nok også dei som skal bu på Skudeløken gjere. Er du frisøren som skal sørge for at heile Sunnfjord vil ha Skudeløken-looken? Ta kontakt, vi har plass til deg!

Treningsrom i kjellaren!

Det er ikkje alle som kan ha treningsrom i kjellaren. På Skudeløken vil vi gjerne tilby nettopp det. Ønsker du å drive treningssenter? Då har vi lokale til deg!

Har du ein hotelldirektør i magen?

På Skudeløken blir det bygd eit leilegheitshotell for korttidsutleige. Gjestene blir til dømes folk som skal ha korte arbeidsopphald i Førde, eller vener og familie som besøker innbyggarane på Skudeløken. Vi ser etter deg som kan sørge for at alle vaknar med eit smil!

Bilda som er brukt ovanfor er illustrasjonar. Dei viser ikkje korleis næringsareala vil sjå ut.

Dette er nokre døme på kva næringslokala kan brukast til. Les meir nedanfor.

Interessert?

Ta kontakt med Frode Grimelid i Skudeløken AS.

91615460
frode@skudeloken.no

Meir om lokala

I bygget langs Naustdalsvegen skal det vere næring i første etasje. Areala kan brukast til kontor, forretning og tenesteyting. I tillegg er det sett av næringsareal til ein kafé i første etasje i bygget som ligg på andre sida av torget.

Døme på tenesteyting kan vere kafé, kiosk, serveringsplass, treningssenter, frisør, velveresenter og andre servicetilbod som er naturleg å legge til eit moderne buområde med ulike aldersgrupper.

Døme på forretning er i reguleringsplanen definert som liten daglegvarebutikk, kiosk, eller anna detaljhandel med til dømes sal av apotekarvarer, bakevarer, elektronikk, interiør, eller liknande.

Allereie i første byggetrinn vil næringslokala få mange nye naboar. På sikt skal vi bygge tre bustadkvartal med rundt 270 nye leilegheiter.

I tillegg kjem det ein ny stor vidaregåande skule rett over vegen. Og vi skal bygge leilegheitshotell som vi er sikre på vil bli populære blant dei som er på korte jobboppdrag eller andre besøk i Førde.

Tilbake til framsida.