Leveranseskildring

Generelt

Denne leveranseskildringa gjeld Meanderkvartalet, første byggetrinn i utbygginga av Skudeløken på indre Øyrane i Førde.

Meanderkvartalet består av 72 leilegheiter fordelt på fem bygg. Talet på leilegheiter kan endrast noko dersom det blir behov for det.

Det blir bygd samanhengande parkeringskjellar under dei fem bygga. Denne vil bli utvida i byggetrinn to og tre.
Leveranseskildringa er skriven for å gje kjøparane den viktigaste informasjonen om bygg, parkeringskjellar, utomhusareal og leilegheiter. Det kan førekomme avvik mellom salsteikningar og leveranseskildring, til dømes innreiing og møblering, i så fall er det leveranseskildring og romskjema som er gjeldande. For kjøkken er det teikningar frå Farsund Bygg som er gjeldande.

Alle opplysningar i denne skildringa kjem med atterhald om endringar som er føremålstenlege og/eller nødvendige, utan at den generelle standarden vert ringare. Sjå elles atterhald nedst i leveranseskildringa og under «Viktige opplysningar».

Bygga blir førte opp etter byggeknisk forskrift av 2017 (TEK17) og andre relevante forskrifter og normer.
Alle leilegheitene i første byggetrinn vil bli organisert som eitt felles eigarseksjonsssameige.

Parkering

Parkeringsanlegget vil vere eit samanhengande anlegg med innkøyring i bygg B.

I første byggetrinn blir det 116 parkeringsplassar som er til sals eller leige for bebuarar, gjestar, næringsliv og kundar. Ni parkeringsplassar blir HC-plassar.

Parkeringsplassane kostar 350.000 kroner pluss dokumentavgift og tinglysing. Felleskostnader på 150 kroner i månaden per plass.

Det blir lagt til rette for eventuell installasjon av kontakt/ladeboks for elbil.

Garasjeanlegget blir stengt med port i tidsrom styrt av sameiget sine vedtekter. Alle bebuarar vil få tilgang til å opne porten manuelt eller med fjernstyring (telefon, kode, brikke).

Kvar leilegheit får éi bod plassert i kjellaretasjen. Alle heisar og trappeoppgangar går ned til kjellaretasjen.
Sykkelparkering blir å finne både i kjellar, ved inngang i første etasje og på uteområdet. Rommet for sykkelparkering ved inngang kan også brukast til parkering av barnevogn.

Parkeringskjellaren ligg på kote 0. Vassinntrenging kan derfor skje. Kjellaren er bygd etter forskriftskrav for å handtere eventuell vassinntrenging. Vatn kan også samle seg på grunn av avrenning frå bilar.

Det vil vere synlege røyr og andre synlege installasjonar i kjellaren.

Utomhus

Det er laga landskapsplan som viser korleis uteareal er tenkt disponert.

Meanderkvartalet blir levert med leikeplass, grøntareal og torg på området mellom bygningane. Det blir ikkje sett ut fullvaksne tre. Alle tre og plantar blir nyplanta.

Mellom Meanderkvartalet og Løken skal det bli etablert turveg, jamfør reguleringsplanen.

Landskapsplanen er ikkje bindande for selgar når det gjeld disponering, utforming og materialbruk. Endringar og tilpassingar kan bli gjort i detaljprosjekteringa.

Vassvegar i terrenget er ein del av systemet for handtering av overvatn i området. Kor mykje vatn som er i vassvegane vil variere med nedbør.

Sjå plan for landskap på www.skudeloken.no, i prospekt, eller hos meklar.

Konstruksjon

Bygningane blir utført med beresystem i betong og stål, parkeringskjellar i betong.

Balkongar blir utført med dekke av betong og beresystem med søyler og bjelkar av stål.

Fasadeveggane blir i hovudsak utført med isolert bindingsverk. Enkelte fasadeveggar i første etasje blir utført i betong som er isolert inn- og/eller utvendig. Fasadekledning er ei blanding av treverk, fasadeplater og ev. andre vedlikehaldsvenlege materiale.

Innvendige veggar er av gips og/eller betong. Det vil normalt oppstå små riss ved materialovergangar mellom tak og vegg eller vegg og vegg på grunn av akklimatisering av material. Sprekker på over 0,2 mm blir utbetra på synfaring etter eitt år.

Balkong/terrasse

Balkongar og mark-/takterrassar blir levert med golv av impregnert treverk. Markterrassar er utan rekkverk, men får plantefelt for hekk eller tilsvarande framfor seg.

Balkongar og mark-/takterrassar har trinnfri tilkomst, sett bort frå takterrasse over underliggande leilegheiter. Der blir det eitt trinn opp. Alle leilegheiter har minst éin balkong eller terrasse med trinnfri tilkomst.

Balkongar og takterrassar blir levert med rekkverk i vedlikehaldsvenleg materiale. På enkelte balkongar vil det bli etablert skilje/skjerming, til dømes med spileveggar.

Balkongar mot vest på bygg A og B blir heilt eller delvis innglasa, med opningsfelt.

Alle balkongar og terrassar vil ha utelampe og 15 A straumuttak.

Dei fleste balkongar og terrassar vil vere heilt eller delvis overbygde, enten av balkongen ovanfor eller med takutstikk. Dette er likevel utandørskontruksjonar der ein må rekne med at det kjem vatn på overflatene i regnvêr.

Fellesareal inne

Hovudinngangane er plassert i 1. etasje, men det blir også inngang frå parkeringskjellar med heis og trapperom som går til alle leilegheitene.

Postkassar blir plassert i garasje, eller anna eigna plassering.

Alle leilegheitene har inngang frå trapperom/korridor med heis. E102 har eiga utvendig inngangsdør.

Hovudinngang og felles gangareal får fliser på golvet. Bodareal i kjellar får betonggolv.

Heisar

Alle leilegheitene har tilgang til heis som går til kjellarnivå.

Standard innvendig behandling/overflater

Sjå vedlagde romskjema for nærare skildring av overflatebehandling av golv, veggar og tak i dei ulike romma.

Himling/nedfora himling/innkassing

Generell takhøgde blir 240 cm. Dersom detaljprosjekteringa viser at det er mogleg, vil takhøgda bli løfta med mål om generell takhøgde på 250 cm. Mindre areal kan bli nedfora til tekniske føremål, i hovudsak vil dette vere aktuelt for entré, bad og soverom. Takhøgda skal uansett vere 220 cm under nedforingar.

Dører/vindauge/beslag

Alle ytterdører har FG-godkjent lås og kikehol. Innvendige dører er slette og kvite. Dørene blir levert med flate tersklar.
Vindauge og balkongdører blir leverte med malte trekarmar innvendig og aluminiumsbeslag utvendig.

Innglasa balkongar blir leverte med aluminiumsprofil, eller tilsvarande. Fargar etter arkitektens instruksjon.

Alle karmar, foringar og omrammingar vert levert fabrikkmåla og med synleg innfesting.

Vindauge blir leverte med energiglas med U-verdi maksimalt 1,0 W/m2K. Frå 2. etasje og ned har vindauga FG-godkjent lås.

Det blir levert vindauge med støydempingsløysing for å sikre tilfredsstillande innandørs støyverdiar i opphaldsrom der dette er relevant.

Trapper i leilegheiter

Duplex-leilegheitene har trapper innvendig. Desse blir levert i overflatebehandla treverk.

Golv

Golv blir leverte i samsvar med romskjema. Standard golv i opphaldsrom/soverom er 1-stavs laminat av typen Berry Alloc Grand Avenue (Champs-Élysées eller Broadway).

Parkett er tilval. I rom med parkett må det påreknast synleg kvistar og/eller sparkla kvisthol.

Våtrom får fliser på 30×30 cm og nedsenka mosaikk (5×5 cm) i dusjsone. Annan storleik på flisene er tilval.

Listverk

Utforingar, listverk og omrammingar er kvite og fabrikkmåla, med synleg stifting.

Taklister har enkel skugge. Lister rundt dør og vindauge er slette.

Kjøkken

Leilegheitene blir levert med kjøkken frå Drømmekjøkkenet (Drømmekjøkkenet skal endre namn til Ballingslöv i løpet av året.), levert av Farsund Bygg.

Kjøkkenillustrasjonane på salsteikningane er ikkje gjeldande.

Kjøkken som inngår i leveransen er skildra i detaljerte kjøkkenteikningar frå Farsund Bygg. Desse kan du få ved å kontakte meklar.

Farsund Bygg tilbyr to gratis teiknetimar for å gjere endringar. Alle endringar må vere låste innan ein månad etter første teiknetime er avtalt.

Standardkjøkken er modellen Bistro som har slette frontar. Frontane kan bli levert i ulike material. Standardleveranse er malt MDF. I standardleveransen kan ein velje mellom tre fargar: Svart, kvitt, eller østersbeige.

Med overskap er standardinnreiinga 210 cm høg.

Under overskap blir det levert dekkplate med innfelt lys (ledskinne). Skuffene har sideveggar av glas.

Standard benkeplate er av laminat. Ein kan velje fritt blant ei rekke fargar/uttrykk i Farsund Bygg sin standardkatalog.

Benkeplata blir levert med nedfelt toppmontert stålkum (Blanco Lemis 6-IF) og eittgreps blandebatteri.

Det blir levert integrerte kvitevarer frå Siemens med følgande standardoppsett:

  • Oppvaskmaskin: iQ100, 60 cm, XXL (SX61IX09TE)
  • Komfyrtopp: iQ100 induksjonstopp, 60 cm sort (EH631BEF1X)
  • Ovn: iQ300, med pyrolytisk reingjering (HB574ABR0S)
  • Kjøleskap/frysar: iQ100, integrert kombiskap (KI87VNSF0)

Avtrekkeshette frå Røros med integrert komfyrvakt.

Kjøkken får fem innfelte LED-spottar i tak.

Garderobe

Salsteikningane viser kvar det er mogleg å plassere garderobe.

Garderobe blir som standard levert med kombiskap (100 cm per sengeplass). Skyvedører og andre garderobeløysingar kan bli levert av Farsund Bygg som tilval.

Bad/WC

Bad blir levert i samsvar med romskjema, med fliser på golv og på vegg i dusjsone. Våtromspanel på resten av badet.
Golvflisene i dusjsona vil bli seinka i forhold til resten av golvet.

Det blir levert tre innfelte LED-spottar i tak.

Bad blir levert med servantskap på minimum 60 cm og spegel. Opptil 120 cm servantskap der plassen tillet det. Merke og modell blir avgjort i anbodsprosess med røyrleggar, men vil vere frå kjende leverandørar som til dømes Svedbergs eller Foss.

Dusjarmatur blir montert på vegg. Opplegg for vaskmaskin og tørketrommel (kondens) som vist på salsteikning.
WC får fliser på golv og våtromsbehandla gipsplater på vegg.

Sanitærutstyr

Alt sanitærutstyr, som servantbatteri, kjøkkenkran, dusjgarnityr, dusjhovud blir levert med god kvalitet.

Merke blir avgjort i anbodsprosess med røyrleggar, døme kan vere leverandørar som FM Mattsson eller Hansgrohe.

Fordelarskap

Det blir eigne fordelarskap for rør-i-rør og vassboren varme innfelt i vegg med luke for inspeksjon og avlesing av målarar.

Oppvarming

Varmtvatn og oppvarming blir levert med fjernvarme frå BKK Varme (tidlegare Førdefjorden Energi).

Vassboren varme i golv blir levert i stove/kjøkken, gang og våtrom. Det er mogleg å få vassboren varme i soverom som tilval.

Anlegget for golvvarme er dimensjonert etter forskriftskrav.

Det blir montert målarar for kvar leilegheit for energimåling av varmtvatn og oppvarming.

Ventilasjon

Det blir levert balansert ventilasjon med varmegjenvinning, og med eige aggregat for alle leilegheiter.

Elektrisk anlegg

Elektrisk anlegg blir installert etter offentlege forskriftskrav NEK 400, som mellom anna set krav om komfyrvakt og jording av alle kontaktpunkt. Det blir berre nytta automatsikringar.

Anlegget vil i hovudsak vere skjult, men ved spesielle tilfelle, som på betongvegg og lydvegg, kan det bli noko opent anlegg.

Talet på elektriske punkt er etter NEK 400. Plassering blir vist i eiga elektroteikning som blir utlevert i tilvalsprosessen.

Det blir porttelefon ved hovudinngangane

Kjøkken og bad får innfelte LED-spottar i tak.

Leilegheitene blir levert tilrettelagt for smarthusløysingar. Dersom kjøpar har ønske om å oppgradere til smarthus bør dette likevel skje tidleg i tilvalsfasen for å sikre gode løysingar.

Brannvern

Meanderkvartalet skal ha sentralt brannalarmanlegg med detektorar i kvar leilegheit. Sprinklaranlegg blir utført etter forskrift.

TV og internett

Det blir lagt fiber for TV og internett fram til eit sentralt plassert svakstraumskap i kvar leilegheit.

Eitt punkt for TV- og internettsignal blir levert i stova. Andre tilkoplingstpunkt for TV og internett er tilgjengeleg som tilval.

Utbyggar vil inngå avtale om kollektivt abonnement på fiber og TV, der kvar leilegheit får friheit til å velje noko innhald sjølv. Avtalen gjeld i 5 år. Etter dette overtar sameiget fibernettet og står fritt til å velje leverandør.

Fast telefonlinje eller analog linje for fax blir ikkje levert.

Teikningar tekniske anlegg

Tekniske anlegg og framføringar til desse er ikkje detaljprosjekterte og vil ikkje vise på teikningar som er omfatta av kjøpekontrakt.

Endeleg plassering av desse blir avgjort av kva som er nødvendig og føremålstenleg.

Avfallssystem

Det blir felles avfallsnedkast på uteområdet. Sjå landskapsplan for plassering.

Bod

Sportsbod er plassert i parkeringskjellar. Bodene blir leverte med gitterveggar mot sideboder og tett felt mot korridor i kjellar.

Golvet er av betong, er ikkje oppvarma og er ikkje berekna for lagring av gjenstandar som er sensitive for fukt og temperatur.

Nokre leilegheiter har også bod i leilegheita. Desse viser på salsteikningane.

Pipe

Det blir ikkje levert pipe eller gasspeis.

Moglegheiter for tilval

Nokre leilegheiter har ulike planløysingar som kjøpar kan velje mellom. Planval blir låst på kjøpstidspunktet og kan i utgangspunktet ikkje bli endra i etterkant.

Alle endringar av leilegheitene vil ha ein kostnadskonsekvens for byggherre/entreprenør og vil derfor medføre ein tilleggskostnad også for kjøpar.

Endringar på kjøkkeninnreiing, garderobeskap, bad, elektriske installasjonar, og liknande skal skje i dialog med leverandør som sender endringane til Skudeløken AS.

Det skal signerast ein eigen avtale mellom Skudeløken AS og kjøpar der alle endringar kjem fram.

Presiseringar/atterhald

Prosjektet er per i dag ikkje detaljprosjektert. Alle opplysningar om leilegheitene og prosjektet er derfor gitt med atterhald om rett til endringar som er føremålstenlege og/eller nødvendige i detaljprosjekteringa.

Det kan førekomme avvik mellom leveranseskildring og planteikningar. I slike tilfelle er det denne skildringa og romskjema som er gjeldande.

Illustrasjonar i salsoppgåve og salsteikningar er ikkje nødvendigvis i samsvar med leveranse, til dømes møblering, fargeval, dør- og vindaugsform, tal vindauge på gavlvegg, bygningsdetaljar, fasadedetaljar, detaljar på fellesareal, materialval i fasade, plantar, og liknande. Slike illustrasjonar er ikkje del av kjøpekontrakten og kan ikkje bruakst som grunnlag for krav mot utbyggar.

Plassering av teknisk utstyr i kjøkken er ikkje endeleg bestemt og vil kunne avvike frå det som er vist på teikningane. Endring av plassering av utstyr på bad kan skje. Endeleg utforming av tekniske sjakter vil skje i detaljprosjekteringa. Det kan derfor skje endring av plassering, lengde og/eller breidde på desse.

Vidare kan vindaugs- og terrasse/balkongutforming og plassering for kvar enkelt leilegheit avvike noko frå dei generelle planane som følge av mellom anna den arkitetkontiske utforminga av bygga og omgjevnadane.

Sjå elles atterhald under «Viktige opplysningar».

Sist endra: 12. mai 2021 - 14:32

Tilbake til framsida.