Flott, ny park som næraste nabo

Visste du at Førde skal få ein ny park? Midt på indre Øyrane kjem det som i planane er omtalt som ein folkepark.

Parken skal vere eit samanhengande aktivitetsområde som skal fungere som leike-, møte- og opphaldsplass for alle aldergrupper.

Endeleg utforming er ikkje bestemt, men i landskapsplanen frå august 2020 er det lagt opp til ballspel, idrett, og eigenorganisert leik for både større og mindre born.

Heile parken vert knytt saman med stiar og trakk.

Illustrasjonen nedanfor viser ein førebels landskapsplan.

Ifølge planomtalen blir det lagt opp til aktivitetar langs ein tursti.

Aktivitetane endrar gradvis målgruppe frå ungdom og vaksne nær skulen, til mindre barn mot aust.

For store og små

Området for dei minste barna ligg nærast området som er sett av til ein framtidig barnehage.
Idrettsfunksjonane ligg nærare gatetunet og inngangen til idretts- og skulebygningane.

Stien ligg omkring ei stor grasslette der det går an å spele fotball eller andre aktivitetar. Det er også planlagt sandvolleyballbane her.

Det som skjer på grassletta kan ein sjå på frå eit amfi som vil bli plassert slik at det får mykje sol. Over amfiet er det planlagt bruksareal for ulike aktivitetar, til dømes fotball, basket, landhockey, volleyball, eller liknande.

Graskledde rom mellom buskar og tre skal skape rolege soner. Folkeparken skal få eit naturlikt preg med grøntstruktur i fleire lag, med graseng, buskar og ulike treslag, og andedam.

Spleiselag på indre Øyrane

Parken skal byggast i samband med bygging av nye Førde vidaregåande skule.

Skudeløken AS – og dei andre utbyggarane på indre Øyrane – er gjennom utbyggingsavtalen med på å finansiere det som skal bli både kvartalsleikeplass og ein folkepark for heile Førde.

Parken og leikeplassen kjem i tillegg til dei tre flotte uteområda og leikeplassane som Skudeløken AS skal bygge for alle dei tre kvartala våre.

Førde vidaregåande kjem også til å gje området eit løft i seg sjølv. Det er lagt vekt på fine fasadar og gode uteområde langs heile det nye bygget.

Desse uteområda skal vere møblerte på ein måte som gjer at folk tar dei i bruk. Her vil også vere uttak for straum, slik at areala kan nyttast ved ulike arrangement.

Utsnittet viser planane for starten på parkområdet, med benken og den vesle dammen, og vidare mot uteområdet ved skulen.

Landskapsplanen ovanfor er ikkje endeleg, men viser konseptet slik det er skildra i planane.

Illustrasjonen nedanfor viser korleis parken, skulen og Skudeløken er plassert på indre Øyrane.

Sist endra: 5. mai 2021 - 14:14

Tilbake til framsida.

leilegheit

Marcus fann vegen inn på bustadmarknaden

Les meir
leilegheit

Anne Marit og Lars bygde draumeheimen etter brann – no forlet dei han for Skudeløken

Les meir
leilegheit

Velkommen til Meanderkvartalet

Les meir
leilegheit

Skudeløken: Nokre gode grunnar

Les meir
leilegheit

Ta ein tur i nærområdet

Les meir
leilegheit

Finn din stil blant våre tre konsept

Les meir
leilegheit

Design ditt eige draumekjøkken

Les meir
leilegheit

Flott, ny park som næraste nabo

Les meir
leilegheit

Romsleg parkering med plass til alle

Les meir
leilegheit

Storfamilien på besøk? Vi har hotell!

Les meir
leilegheit

Ekstra plass til hobbyen din

Les meir
leilegheit

Mange heisar = lite trakk i gangane

Les meir
leilegheit

Vi gjer oss klare til førehandssal!

Les meir
leilegheit

Planen for Skudeløken er vedtatt!

Les meir