Anne Marit og Lars bygde draumeheimen etter brann – no forlet dei han for Skudeløken

Sjukepleiarane Anne Marit Rønning og Lars Kristiansen hamna i Førde på grunn av jobb på sjukehuset. Sidan har dei blitt førdianarar med tre barn og fleire barnebarn som også bur her. Når dei no skal på flyttefot blir det derfor ikkje så langt.

Flyttar frå draumeheimen

I 1999 mista familien på fem heimen sinn i brann. Eit par år seinare stod det eit nytt hus på staden som få har sett maken til i Førde. Med blanke ark kunne dei bygge eit hus som var akkurat slik dei ville ha det. Resultatet har fått fleire til å sjå to gonger.

– Det er bygd i kontinental stil. Vi likar oss veldig godt i Italia, utsjånad og farge er valt for å likne det ein ser der, seier Lars.

Fasaden er i kunstmur og får verkeleg tankane til å vandre til sydelegare strok. Ifølge Lars har det ikkje vore behov for utvendig vedlikehald sidan huset var nytt, medan naboane sine trehus har fått fleire lag med måling.

Huset utmerkar seg også med store takutstikk, høge vindauge, og kopardetaljar på pipe, vindskier og eigendesigna lamper på muren langs vegen.

– Lampene er laga med gamalt kopar frå restaurant Kongen på Frognerkilen i Oslo. Det var Nygård i Florø som tok ned taket det gamle kopartaket og tok vare på det. Så lampene fekk eg laga i Florø, seier Lars, som også har stor glede av å eksperimentere med lyseffektar.

Fleire støypte og flislagde altanar gir gode plassar å nyte sola.

– Her har vi sol heile året, og vi ser at vi får mykje sol på Skudeløken også, seier Anne Marit som har god utsikt til Skudeløken og har følgt nøye med på solforholda.

Fin føremiddag på frukostaltanen ved kjøkkenet.

Skipsgolv med utsikt

Innvendig var det ikkje laga ferdige teikningar. Huset vart innreia undervegs.

– Vi har lagt ned mykje sjel i det, seier Lars, som spesielt framhevar takhøgda i hovudetasjen på 290 centimeter. Det gir plass til høge dører og store, høge vindauge. Mykje er spesialbestilt med tanke på materiale, mål og uttrykk for å gje akkurat den stemninga dei ønskte seg.

Golvet som prydar hovudetasjen er skipsholv av Merbau, dobbelt så hardt som eik, med behageleg vassboren varme frå eit borehol i fjellet.

– Golvet er eit klenodium! Og så har vi stein i alle vindaugskarmar både ute og inne, noko som gjer det vedlikehaldsfritt, seier Lars.

I kjellaretasjen ligg det ei stove med tre vindauge som strekker seg frå golv til tak over to etasjar. Det er ope opp til stova i hovudetasjen, noko som gjer at det kjennest luftig og romsleg både oppe og nede. I fjor fekk dei verkeleg testa takhøgda då dei sette opp eit juletre på over 5 meter.

Huset er planlagt med takutstikk for å ha uteplassar også i regnvêr. Og etter kvart bygde dei også på ein vinterhage.

– Den brukar vi veldig mykje. Det er koseleg og kjekt, seier Anne Marit.

Huset ligg i byggefelt, men ligg fritt til med friområde framfor seg og på eine sida. Det gir fri og fin utsikt over Førde.

– Vi har ei veldig fin utsikt. Eg har hatt venner på besøk som berre står og gaper når dei ser utsikta, seier Anne Marit.

Klare for eit enklare liv

Anne Marit og Lars snakkar om heimen sin med glød. Kvifor flytte frå ein slik heim?

– Vi trivst godt, men det blir for stort, seier Anne Marit.

No som dei er pensjonistar kan dei bruke meir tid på å reise. Då er det lettare å reise frå ei leilegheit enn eit stort hus som krev tilsyn.

– Det å halde eit stort hus krev også sitt. Støvtørking, plenklipping og snømoking er ikkje det ein vil drive med når ein begynner å bli litt dårleg i skrotten, seier Lars.

På Skudeløken får dei behalde den behagelege vassborne golvvarmen. Her blir det heller ikkje behov for å finne fram plenklippar, smømoke, eller gjere vedlikehald på fasaden. I staden kan dei nyte nærleik til sentrum og eit enklare liv med meir tid til reise og barnebarn.

Vurderer du bytte ut einebustaden med leilegheit? Ta kontakt med ein rådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane for gode råd i prosessen.

Rune Vosseteig
Telefon 907 56 290

Best planløysing og sol på to sider

Allereie før Skudeløken kom for sal hadde Lars og Anne Marit begynt å tenke på å flytte. Dei har sett på ulike prosjekt i Førde, både nytt og brukt, men fann ikkje noko som fall heilt i smak.

– Det var utforming av leilegheitene som gjorde at vi valte Skudeløken. Vi likte planløysinga her best, seier Anne Marit.

Finn di leilegheit her

– Og så er det fint at leilegheitene er gjennomgåande. Vi får både morgonsol og kveldssol på dei to verandaane, seier Lars.

Dei to meiner også at arkitekturen og planane for uteområdet skil seg ut på Skudeløken.

– Det ser så flott ut. Når parken og alt er på plass blir det veldig fint, seier Anne Marit.

Håpar på både nye og gamle naboar

På Skudeløken ser dei to føre seg at det blir ein del godt vaksne, men dei trur også det blir ungdommar og barnefamiliar her. Dei set pris på at det blir ei blanding.

– Vi vil ikkje flytte på gamleheim, heller, seier Lars.

– Og så har vi nokre gode naboar som vi prøver å få med oss, seier Anne Marit.

Vil du bli nabo med Lars og Anne Marit? Ta kontakt med meklar Camilla Kaland Olset i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane på telefon 970 13 478.

Les også om Marcus (19) som kom seg inn på bustadmarkanden på Skudeløken.

– Skudeløken har ei informativ og god nettside, men det er mykje å velje i. Eg håpar derfor at du tar kontakt med meg. Eg er her for vere ein god rådgivar og svarar gjerne på spørsmål om kva leilegheiter som passar deg med tanke på rom, pris, soltilhøve og liknande.

Ta kontakt!

Camilla Kaland Olset
Telefon 970 13 478

Sist endra: 10. mars 2022 - 11:13

Tilbake til framsida.

leilegheit

Marcus fann vegen inn på bustadmarknaden

Les meir
leilegheit

Anne Marit og Lars bygde draumeheimen etter brann – no forlet dei han for Skudeløken

Les meir
leilegheit

Velkommen til Meanderkvartalet

Les meir
leilegheit

Skudeløken: Nokre gode grunnar

Les meir
leilegheit

Ta ein tur i nærområdet

Les meir
leilegheit

Finn din stil blant våre tre konsept

Les meir
leilegheit

Design ditt eige draumekjøkken

Les meir
leilegheit

Flott, ny park som næraste nabo

Les meir
leilegheit

Romsleg parkering med plass til alle

Les meir
leilegheit

Storfamilien på besøk? Vi har hotell!

Les meir
leilegheit

Ekstra plass til hobbyen din

Les meir
leilegheit

Mange heisar = lite trakk i gangane

Les meir
leilegheit

Vi gjer oss klare til førehandssal!

Les meir
leilegheit

Planen for Skudeløken er vedtatt!

Les meir